Klargjør siden...

Gravide blir åtvara mot å reise til Amerika

(NPK-NTB): Folkehelseinstituttet åtvarar gravide mot å reise til Sør- og Mellom-Amerika. Grunnen er at stadig fleire land i verdsdelen rapporterer om utbrot av zikafeber.

Samtidig er det framleis auke av fosterskaden mikrokefali i fleire delstatar i Brasil. Folkehelseinstituttet (FHI) rår til at gravide vurderer å utsette reisa til berørte område og ta forholdsreglar dersom dei oppheld seg i desse områda. Også Kapp Verde, Samoa og Salomonøyane er ramma.

– Det er dramatisk i fleire av dei ramma landa. Zikaviruset ser ut til å kunne gi fosterskadar hos gravide. Derfor rår vi til at gravide vurderer å utsette reisa til område med utbrot eller aukande førekomst av zikafeber, seier overlege Tone Bruun i FHI til VG.

Zikafeber blir forårsaka av eit virus som blir overført med mygg, og symptoma er vanlegvis milde, også hos gravide. Men det er mistanke om at infeksjonen hos gravide kan føre til fosterskadar, som mikrokefali.

Dette er ein nevrologisk tilstand hos nyfødde som inneber at hovudskallen er liten, som regel som resultat av at hjernen har utvikla seg unormalt i fosterlivet.

Det finst ingen vaksine mot zikafeber. Vern mot myggstikk er derfor det einaste førebyggjande tiltaket. (©NPK)

Annonse