Klargjør siden...

Gravide blir rådde frå å reise til Singapore

(NPK-NTB): Folkehelseinstituttet rår gravide norske kvinner til å unngå å reise til Singapore på grunn av utbrotet av zikasmitte.

Som første land i Asia har styresmaktene i Singapore nyleg stadfesta utbrot av zikafeber. Dei reknar med at smitten er overført gjennom myggstikk. Til no er det stadfesta 82 smittetilfelle.

Folkehelseinstituttet her heime følgjer utviklinga nøye og har ferda ut oppdaterte reiseråd. Gravide blir rådde frå å reise, og andre bør ta forholdsreglar etter at dei kjem heim igjen.

Gravide som har oppheldt seg i Singapore sidan 1. juni, bør følgjast opp av helsetenesta etter heimkomst, heiter det i rådet. Dei gravide som likevel vel å reise til berørte område, bør vere spesielt nøye med myggbeskyttelse under opphaldet. (©NPK)

Annonse