Annonse

Greenpeace aksjonerte mot oljeinstallasjonar i Nordsjøen

Greenpeace-aksjonistar tok seg måndag om bord på to oljeplattformer i Nordsjøen for å protestere mot Shells planar om å forlate konstruksjonane til havs.

- Havet er ikkje ein søppelplass, og vi forventar at Shell og alle andre selskap ryddar opp avfallet sitt, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg i ei pressemelding.

Gruppa med aksjonistar klatra opp på to av Shells oljeinstallasjonar på Brent-feltet utanfor Shetland i Nordsjøen. Der hengde dei opp banner med krav om at Shell skal rydde opp etter seg og slutte å forureine havet.

Shell har bedt om dispensasjon frå internasjonale reglar, og ønsker å la fleire store installasjonar i Brent-feltet bli verande fordi å fjerne dei vil utgjere ein større miljøfare, skriv Bloomberg.

Shell stadfestar at to aksjonistar har tatt seg om bord på Brent Alpha-plattforma og at éin har tatt seg om bord på Brent Bravo-plattforma.

- Deira og sikkerheita til arbeidarane våre er den største bekymringa vår no, seier ein talsperson for selskapet.

(©NPK)