Annonse

Grensa mellom Jordan og Syria blir opna att

Grensa mellom Jordan og Syria vart måndag opna att etter å ha vore stengt i tre år.

Ein AFP-fotograf var til stades då den svarte metallporten vart opna på jordansk side klokka 8 om morgonen. Fleire tital politi og tollarar stod klare i nærleiken.

Grenseovergangen, som heiter Jaber på jordansk side og Nassib på syrisk side, var ei viktig handelsrute før han vart stengt av Jordan då opprørarar overtok i april 2015. Etter at opprørarane vart drivne bort, overtok regjeringsstyrkane igjen kontrollen i sommar.

Som følgje av stenginga vart titusenvis av syriske flyktningar sitjande fanga i eit ørkenområde på syrisk side, utan tilgang til grunnleggjande helsetenester.

Jordan har tatt imot 650.000 flyktningar frå Syria, men har dei siste åra ikkje villa ta imot fleire. Mange av flyktningane bur i overfylte leirar nord i landet,

Også grenseovergangen mellom Israel og Syria ved Quneitra på Golanhøgdene vart opna att måndag, men berre for FN-observatørar som har vore utplasserte der sidan 1974 for å overvake våpenkvila.

FN-observatørane forlét sine postar då borgarkrigen i Syria gjorde området utrygt.

(©NPK)