Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dersom flyktningstraumen over Storskog held seg på same nivå som i dag, vil det komme 65.000 asylsøkjarar til Finnmark i året. Grensesjefen seier talet kan bli endå høgare.
npk@npk.no
Publisert: 06.11.2015 kl 07:16
På dei fire første dagane denne veka har det komme 719 asylsøkjarar gåande eller syklande over grensa på Storskog i Finnmark. Sidan september har auken vore kraftig, og om tempoet held seg på dette nivået, vil det komme 65.000 asylsøkjarar over grensa frå Russland på eitt år.
– Det kan hende at det stabiliserer seg på dette nivået. Det kan også auke, seier Stein Kristian Hansen, politioverbetjenten som er sjef for grensestasjonen heilt nord i landet, til Klassekampen.
Kapasiteten på Storskog er kritisk. Noreg stengjer grensa klokka 21 kvar dag, men politiet fortset arbeidet med å registrere asylsøkjarar natta gjennom.
– Arbeidspresset har aldri vore i nærleiken av dette. Folka her jobbar døgnet rundt for å ta unna alle som kjem. Det er hardt, men det er vår jobb å sørgje for at folk blir tatt imot på ein skikkeleg måte, seier Hansen.
Med vinteren i anmarsj kan situasjonen på grensestasjonen bli endå meir kritisk, men det kunne vore verre allereie no. I starten av november i fjor var det 20 minusgrader, mens temperaturen no ligg rundt null. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.