Annonse

Greta Thunberg hanka inn under oljeprotest i London

Klimaaktivist Greta Thunberg er hanka inn av politiet i London under ein demonstrasjon mot eit olje- og gassmøte.

Vitne seier til Reuters at politiet arresterte den svenske aktivisten etter at ho hadde halde ein appell til demonstrantane som protesterte mot eit møte for olje- og gasselskap i storbyen tysdag ettermiddag.

Videobilete viser at Thunberg står roleg medan to politifolk snakkar til henne. Ein av dei held henne i armen. Thunberg ber eit merke med teksten «Oily money out» (Vekk med olja pengar).

Tidlegare i år er Thunberg fjerna av politiet under demonstrasjonar i Sverige, Noreg og Tyskland.

(©NPK)

Greta Thunberg deltok tysdag i ein protest mot eit møte for olje- og gasselskap i den britiske hovudstaden London. Foto: Kin Cheung / AP / NTB

Annonse