Annonse

Greta Thunberg må møte i retten

Klimaaktivisten Greta Thunberg er tiltalt for sivil ulydnad etter å ha nekta å følgje ordre frå politiet om å fjerne seg ved to demonstrasjonar i Stockholm.

Demonstrasjonane fann stad utanfor Riksdagen i mars i år.

Saka kjem opp for retten 8. mai, opplyser ein rettsfunksjonær til nyheitsbyrået AFP.

Saman med fleire andre aktivistar blokkerte den svenske 21-åringen hovudinngangen til Riksdagen. Ho vart boren vekk av politiet ved to høve.

Ifølgje rettsdokumenta nektar Thunberg straffskuld etter tiltalen.

I august 2018 sette den då 15 år gamle Greta Thunberg seg ned utanfor Riksdagen i staden for å gå på skulen. Ho har etter det vorte eit globalt ikon for kampen mot klimaendringar.

Thunberg har to gonger tidlegare fått bøter av svenske domstolar for sivil ulydnad. Også i andre land, blant dei Noreg, har politiet fjerna henne frå aksjonsstader.

(©NPK)

Greta Thunberg var blant klimaaktivistane som førre månad vart fjerna frå hovudinngangen til Riksdagen i Stockholm. I mai må ho møte i retten. Foto: Fredrik Sandberg / TT / NTB