Annonse

Greta Thunberg sikta i London

Klimaaktivist Greta Thunberg er sikta for ikkje å følgje pålegget til politiet under ein demonstrasjon i London.

Britisk politi opplyser onsdag at den svenske aktivisten er sikta, saman med 25 andre. Ho må møte i retten i London 15. november.

Tysdag vart Thunberg ført bort etter å ha halde appell under ein protest mot eit møte for olje- og gasselskap i den britiske hovudstaden.

Tidlegare i år er ho bortvist av politiet i samband med protestar i Noreg, Sverige og Tyskland.

Etter å ha nekta å følgje pålegget til politiet om å fjerne seg frå ein oljeterminal under ein demonstrasjon i Malmö i juni, vart ho dømd til å betale 2500 kroner i dagbøter. Påtalejuristen åtvara då mot ei mogleg fengselsstraff dersom lovbrotet gjentok seg.

(©NPK)

Greta Thunberg blei onsdag sikta etter politiet førte henne bort frå ein klimademonstrasjon i London dagen før. Foto: Kin Cheung / AP / NTB

Annonse