Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Grieg Seafood enda 2015 med eit underskot på drygt 9 millionar kroner mot eit overskot på 172 millionar året før, trass i solid omsetningsvekst.
npk@npk.no
Publisert: 18.02.2016 kl 07:19
Oppdrettsselskapet hadde ein omsetning på 4,57 milliardar kroner i fjor, mot 4,10 milliardar i 2014. For året som nettopp er avslutta, gav drifta eit overskot på 81 millionar kroner, mens tilsvarande tal for 2014 var 219 millionar.
Også kvartalsresultatet før skatt for dei siste fire månadane av året var betydeleg dårlegare i 2015 enn året før, 167 millionar kroner mot 256 millionar. Sjølv ikkje ei positiv justering av verdien på biomasse kan løfte resultatet til 2014-nivå.
– Fjerde kvartal er prega av svært høge kostnadar på Shetland, grunna høge dødstal, og ufordelaktig pundkurs. I Noreg er det små endringar i kostnadane samanlikna med førre kvartal, skriv selskapet i samband med at rekneskapen vart lagt fram torsdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.