Annonse

Grønt lys for Ruhpolding-renn frå torsdag

Regionale styresmakter har gitt klarsignal for at skiskyttarane kan konkurrere i verdscupen i tyske Ruhpolding frå og med torsdag, opplyser IBU.

Den planlagde sprinten på onsdag for menn måtte flyttast som følgje av snøkaos i og rundt den sørtyske småbyen. Uvêret førte til lokal unntakstilstand i Traunstein nord for Ruhpolding, men denne vart oppheva torsdag.

- Gode nyheiter. Distriktsstyresmaktene i Traunstein har gitt grønt lys for konkurransane på arenaen i Ruhpolding, opplyser Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) via Twitter.

Det inneber at både herrane og kvinnene går sprint torsdag. Andre konkurransar (stafett og fellesstart for begge kjønn) går som planlagd fredag, laurdag og søndag.

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø og dei andre skiskyttarstjernene er klare for verdscuphelg i tyske Ruhpolding.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix