Klargjør siden...

Grønt lys for storsjukehus på Gaustad

(NPK-NTB): Ullevål sjukehus skal leggjast ned og det skal byggjast nytt regionsjukehus på Gaustad og lokalsjukehus på Aker, har helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) bestemt.

Styret i Helse sør-aust vedtok i førre veke å legge ned Ullevål sjukehus og byggje eit nytt, stort sjukehus på Gaustad. Men planane trengde å få «godkjentstempelet» av helseminister Bent Høie (H).

Det stempelet kom fredag, då helseministeren og finansminister Siv Jensen (Frp) gjorde greie for den framtidige sjukehusstrukturen i Oslo-regionen.

– Dette er ein viktig dag. Etter mange år med diskusjonar, ønskjer eg no å skjere gjennom og vedta korleis sjukehusa i Oslo-regionen skal sjå ut i framtida. Det er viktig for både pasientar og tilsette at vi no har konkludert, seier Høie. (©NPK)

Annonse