Annonse
Annonse

Grosvold sluttar i NRK

(NPK-NTB): Journalist og programleiar Anne Grosvold (65) har sagt opp stillinga si i NRK.

Annonse

– Eg er 65 år og tenkte eg skulle gjere noko anna dei få åra eg har igjen, seier ho til journalisten.no om oppseiinga.

Med seg ut døra får ho eitt års etterlønn – etter 36 år i NRK. Ho har også vore fire år i Justisdepartementet. Kva som skjer vidare, er ifølgje Grosvold ikkje planlagt.

– Men skulle eg oppleve korleis verda er utanfor NRK, var tida no, seier ho. (©NPK)