Klargjør siden...
Annonse

Grunde Almeland går av som leiar for Oslo Venstre

Grunde Almeland (32) går av som leiar for Oslo Venstre, stadfestar han overfor Avisa Oslo.

– Eg har mange arbeidsoppgåver og mykje å gjere. Det er også ein av grunnane til at det er fint om andre får moglegheita, seier Almeland til avisa.

– Det er eit privilegium og kjempespennande å vere leiar av Oslo Venstre, spesielt denne hausten med forhandlingar og Venstre inn i byrådet. Det har vore kjempegivande. Så er eg stortingsrepresentant for Oslo og er fullt motivert til det og vil jobbe vidare for Oslo, seier han vidare.

I tillegg til å vere Oslo Venstres leiar, vart Almeland fast valt inn på Stortinget i 2021. Der er han medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen, der han har vore ansvarleg for behandlinga i komiteen av dei mange habilitetssakene i regjeringa.

Grunde Almeland (V) under den opne høyringa på Stortinget om masseskytinga 25. juni i fjor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Annonse