Grunnleggjaren av Dissimilis er død

(NPK-NTB): Kai Zahl, musikar og grunnleggjar av organisasjonen Dissimilis for utviklingshemma, er død, 83 år gammal.

– Få menneske har betydd så mykje for så mange som Kai Zahl, skriv Dissimilis etter dødsfallet.

– Heilt til det siste var han full av idear og tankar om korleis Dissimilis kunne utvikle seg vidare. Med han har Noreg mista ei viktig stemme i arbeidet for dei som er «annleis», skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Zahl lèt etter seg kone, ein son og ei dotter.

Zahl vidareutvikla eit fargekodesystem slik at den utviklingshemma sonen hans Børge og vennene hans kunne spele i band. Dette resulterte i bandet Dissimilis – seinare eit landsforbund, ei stifting og tilsvarande grupper i andre land. Organisasjonen har eksistert sidan 1982.

I fjor vinter flytta Zahl inn på ein sjukeheim på grunn av begynnande demens, men han var derimot i god nok form til at han akkurat hadde flytta heim igjen til kona si.

For innsatsen med Dissimilis er Zahl utnemnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs orden, og han har fått Kongens fortenestemedalje, Teskjekjerringprisen og Spellemannsjuryens heiderspris. (©NPK)

Annonse