Klargjør siden...

Grunnsteinen lagt ned for det nye Nasjonalmuseet

(NPK-NTB): Dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit la måndag ned grunnsteinen for det nye Nasjonalmuseet, som skal liggje på Vestbanen i Oslo.

Dronninga og kronprinsessa la eit skrin i ein sekk, som så vart frakta med heisekran dit han skulle leggjast ned. I skrinet var det blant anna lagt avisartiklar om Nasjonalmuseet, frimerke og andre dokument for framtida.

– I dag legg vi ikkje berre ned grunnsteinen for eit nytt bygg for Norges nasjonalmuseum, men også grunnsteinen for store kunstopplevingar og gode omgivnadar for dei fantastiske samlingane som Nasjonalmuseet har, sa statsminister Erna Solberg (H) før grunnsteinsnedlegginga.

– Dette er ein stor dag. Det nye Nasjonalmuseet blir eit viktig kulturbygg for Noreg. Det blir faktisk det største kunstmuseet i Norden, sa Statsbygg-direktør Harald Nikolaisen.

Museet skal stå klart i 2020. (©NPK)

Annonse