Gryttens «smykkelov»-dikt til utlandet

(NPK-NTB): Diktet forfattaren Frode Grytten skreiv etter at det danske Folketinget vedtok den såkalla smykkelova, kjem no på engelsk.

Diktet «Til orientering» har fått merksemd i Noreg. No kjem det òg på trykk i den danske avisa Politiken, og det er omsett til engelsk, skriv Vårt Land.

– Asylpolitikk handlar ikkje berre om ressursar, men òg om korleis vi ser kvarandre. Smykkelova har til dømes inga meining i praksis, ho er berre vedtatt for å skremme asylsøkjarar vekk og for å underminere behovet deira for hjelp. Dette er eit bevisst spel for å dytte asylsøkjarar mellom seg og hanke inn veljarar på heimebane. Det er uverdig, og det er sjokkerande, og dette kan ikkje reduserast til debatt om eit enkelt vedtak, seier Grytten.

Folketinget i Danmark vedtok nyleg innstrammingar som mellom anna opnar for at styresmaktene skal kunne ta beslag i formue og verdisaker på over 10.000 kroner frå asylsøkarar for å dekkje utgifter under asylbehandlinga deira.

Forfattaren seier han verken har nemnt Danmark eller danskane i teksten.

– Så det handlar vel om noko større enn ein lovparagraf. Eg har fått med meg at diktet har vorte mykje delt og spreidd og kommentert, seier han.

Første verset i diktet lyder slik: «vi kjem til å ta klokka di / og pengane dine / vi kjem til å ta gifteringen din / og smykket du har rundt halsen / med mindre du kjem opp med / ei aldeles tåredrypande historie / så vil vi konfiskere / øyredobbane dine og mobilen din / og datamaskina di». (©NPK)

Annonse