Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Russiske soldatar skal ha stole fleire enn 2.000 kunstverk, både måleri, skulpturar og ikon, frå museum i Mariupol, ifølgje ukrainske styresmakter.
anne.marjatta.goystdal@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 02.05.2022 kl 16:33
Blant kunstverka som er stole, er måleri av den russisk-ukrainske kunstnaren Artsjip Kuindzji (1841-1910), som var frå Mariupol. Kunstverka skal ha vorte frakta til den russisk-kontrollerte Donbas-regionen, skriv The Guardian.
Ifølgje lokale representantar skal tre verkar av Kuindzji ha vorte stole frå tre lokale kunstmuseum, mellom anna frå Kuindzji-museet, som fekk store skadar under eit russisk luftangrep i mars.
Styresmaktene i Mariupol seier dei vil be Interpol om hjelp til å finne og få tilbake den stolne kunsten.
I helga kom det òg opplysningar om at russiske soldatar skal ha stole ei samling verdifulle gjenstandar frå det historiske museet i Mariupol.
(©NPK)
Kuindzji-museet i Mariupol, som inneheldt verk av den russisk-ukrainske landskapsmålaren Artsjip Kuindzji, vart øydelagt i eit russisk luftangrep 28. april. Styresmaktenei byen seier russiske soldatar har stole over 2.000 kunstverk frå museum i byen. Foto: AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.