Klargjør siden...
Annonse

Guardiola erkjenner forsvarsproblem

Manchester City har ikkje halde nullen sidan oktober og er elleve poeng bak Premier League-leiar Liverpool. Manager Josep Guardiola veit kor problemet ligg.

City leia to gonger mot Newcastle, men spelte 2–2 etter å ha dominert på bortegras. Tysdag ventar ein vrien bortekamp mot Burnley for Guardiolas menn. Manageren er ikkje tilfreds med at laget har spelt sju strake kampar utan å halde nullen.

– Det er ikkje bra nok. Vi må bli betre, slår han fast.

– Vi hadde 26 skot, ikkje alle på mål, mot Newcastle. Vi var åleine med keeper tre eller fire gonger. Dei (Newcastle) skaut to gonger og scora på begge. Vi prøver alltid å førebu oss på å skape meir enn motstandaren og sleppe til mindre, held Guardiola fram.

Han har brukt midtbanemannen Fernandinho i midtforsvaret etter at han skada Aymeric Laporte og deretter John Stones. Spanjolen insisterer på å halde fram med Fernandinho bak, sjølv om Stones og Nicolás Otamendi er tilgjengelege og Ilkay Gündogan er suspendert mot Burnley.

– Akkurat no, ja. Eg liker veldig godt å ha «Dinho» i den posisjonen. Det er derfor han spelar. Eg føretrekker Gündogan og Rodri på midtbanen.

Sist sesong vann City 1–0 borte mot Burnley takka vere eit mål av Sergio Agüero. Stjernespissen blir ikkje tilgjengeleg i kampen på tysdag, og heller ikkje i laurdagens storkamp heime mot byrival Manchester United.

– Han er ikkje klar for derbyet, men vi får sjå etter det, seier Guardiola.

(©NPK)

Josep Guardiolas stjernelag slit defensivt. Foto: Dave Thompson / AP / NTB scanpix