Klargjør siden...

Guardiola om forskjellen på Haaland og Messi: – Kunne gjere alt sjølv

Etter at Erling Braut Haaland audmjuka Manchester United, vart City-trenar Pep Guardiola spurt om han forventa det same av jærbuen som med Lionel Messi.

Då Guardiola trena Barcelona mellom 2008 og 2012, uttalte trenaren at han forventa at den argentinske magikaren skåra i kvar einaste kamp.

På spørsmål om forventninga er den same med Haaland, jekka spanjolen nordmannen litt ned.

– Ja, men forskjellen er at Haaland kanskje treng alle lagkameratane sine for å skåre, medan Messi kunne gjere alt sjølv, svarte City-trenaren, ifølgje spanske Sport.

I perioden Guardiola trena Messi, leverte argentinaren 211 mål og 97 målgivande pasningar på 219 kampar for Barcelona. Det utgjer eit snitt på 1,4 målpoeng per kamp.

Med Haalands 17 mål og tre målgivande pasningar på elleve kampar knuser han Messis snitt. Nordmannen ligg no på 1,8 målpoeng per kamp.

Haaland har rett nok ei god handfull mål, målgivande pasning og pokalar igjen før han kan samanlikne seg med Messis karriere. Under Guardiola vann argentinaren mellom anna to Champions League-trofear, tre ligatitlar og to cuptitlar.

(©NPK)

Erling Braut Haaland har framleis eit stykke opp til Lionel Messi. Foto: Rui Vieira / AP Photo / NTB.

Annonse