Gull til Birk Ruud i slopestyle

(NPK-NTB): Fristilkøyraren Birk Ruud køyrde ned til gull i slopestyle under ungdoms-OL fredag.

Det var Noregs tredje gull under meisterskapen. 15-årige Ruud fekk 89,20 poeng i sitt første forsøk ned slopestyleløypa i Hafjell.

Alexander Hall frå USA låg på tredjeplass etter 1. omgang, men tok seg forbi Finn Bilous frå New Zealand med 87,40 poeng i sitt siste forsøk. Bilous måtte nøye seg med bronsen med 86,00 poeng.

Trym Sunde Andreassen fekk det også best til i sitt første forsøk. Han tok femteplassen med 79,80 poeng.

I kvinnekonkurransen gjekk gullet til Lana Prusakova frå Russland, medan Lou Barin, Frankrike, vart nummer to og britiske Madison Rowlands nummer tre.

Tora Johansen enda på 10.-plass. (©NPK)