Klargjør siden...

Guterres ber Russland om snarleg våpenkvile

FNs generalsekretær António Guterres besøkte tysdag Moskva og bad den russiske leiinga om ei snarleg våpenkvile i Ukraina.

– Vi er ekstremt interesserte i å finne moglegheiter for å skape føresetnader for ein effektiv dialog, for ei våpenkvile så snart som mogleg og for ei fredeleg løysing, sa Guterres på starten av møtet med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.

Guterres bad vidare Russland om å samarbeide med FN om å opprette såkalla humanitære korridorar i Ukraina, trygge ruter der sivile kan evakuerast og naudhjelp kan bringast inn til dei hardast ramma områda.

Under ein felles pressekonferanse etter møtet forsikra Lavrov at Russland er villig til å vere med på eit slikt samarbeid.

– Det primære målet vårt er å verne sivilbefolkninga, og vi er villige til å samarbeide med kollegaene våre frå FN for å lindre situasjonen til sivilbefolkninga, sa han.

Lavrov understreka samtidig at Kreml ønskjer å diskutere FNs generelle rolle, og han kritiserte vestlege land for å vere ute etter hegemoni i verda.

Møter Putin

Seinare tysdag skal Guterres etter planen ha eit møte med president Vladimir Putin og prøve å overtale han til å stanse krigføringa i Ukraina.

Det er ikkje kjent om Guterres har konkrete fredsforslag i erma, men det er venta at han vil foreslå forhandlingar mellom Russland og Ukraina i FN-regi.

Putin snakka tysdag òg med Recep Tayyip Erdogan, som har prøvd å spele rolla som meklar i krigen mellom Russland og Ukraina. Guterres skulle òg etter planen snakke med den tyrkiske presidenten.

Kritikk frå Zelenskyj

Guterres fekk nyleg hard kritikk frå Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, som meinte at FN-sjefen burde ha besøkt Kyiv først.

– Han burde ha sett råskapen i Ukraina før han drog til Moskva for å stille spørsmål der, sa Zelenskyj i helga.

Etter besøket i Moskva fortset Guterres til Ukraina, der han planlegg eit møte med Zelenskyj torsdag.

Det er venta at den ukrainske presidenten vil gjenta kravet sitt om at Russland må kastast ut av FNs tryggingsråd, der landet er blant dei fem vetomaktene.

(©NPK)

FNs generalsekretær António Guterres (t.v.) prøvde tysdag å overtale Russlands utanriksminister Sergej Lavrov (t.h.) til å stanse krigføringa i Ukraina. Foto: AP / NTB

Annonse