Orkanen Ian har etterlate seg enorme øydeleggingar og død i Florida

Orkanen Ian påførte «historiske» øydeleggingar i Florida og kravde eit førebels ukjent tal menneskeliv. Orkanen er natt til fredag på veg mot Sør-Carolina.

Bustadar, sjukehus og pleieheimar står under vatn, og nesten 2,7 millionar menneske mista straumen då orkanen onsdag slo inn over land med vindkast på opp mot 67 meter i sekundet, kraftig regn og ei stormflod på opptil 5,5 meter.

Stormen er ein av dei kraftigaste som har treft USA, og hundrevis av menneske måtte bli redda. Florida-guvernør Ron DeSantis seier at det er for tidleg å få oversikt over kor mange som har mista livet.

– Vi ventar definitivt å ha dødsfall som følgje av denne orkanen, sa guvernør Ron DeSantis til ein pressekonferanse torsdag kveld. Vidare sa han at det vil ta fleire dagar å få oversikt.

Lite oversikt

President Joe Biden sa tidlegare at det kan bli den dødelegaste orkanen i Floridas historie. Han la til at omfanget stadig er uklart, men sa at «vi har fått rapportar om det som kan vere eit betydelege tap av liv».

DeSantis sa at konkrete tal på kor mange som har omkomme, kan ventast «dei neste dagane».

Tampa Bay Times og CNN skriv natt til fredag at det er 15 stadfesta dødsfall i Florida, medan nyheitsbyrået AP skriv at det berre er snakk om fire. Tampa Bay Times skriv at styresmaktene seier det vil ta lang tid å finne og identifisere omkomne.

I tillegg er 18 cubanske migrantar framleis sakna etter at båten deira sokk i uvêret onsdag. På Cuba, som først vart ramma av orkanen Ian, er det meldt om to omkomne.

Hardt ramma

2,5 millionar menneske vart evakuerte frå heimane sine før orkanen nådde land. Ifølgje DeSantis har det vorte gjennomført minst 700 redningsoperasjonar, stort sett frå lufta.

Byen Fort Myers, som med sine vel 80.000 innbyggjarar er eit populært turistmål, er blant stadene som er hardt ramma.

– Nokre av desse områda – byane Cape Coral og Fort Myers – vart verkeleg, verkeleg overfløymde og verkeleg øydelagde av denne stormen, sa De Santis.

I Fort Myers vart gatene gjort om til elver, og havvatnet fossa inn i hus. Fleire titals båtar som låg fortøydd i båthamna, har sokke, medan andre vart tekne med av vassmassane og enda opp gatelangs i sentrum.

Også store delar av Orlando vart sett under vatn, og styresmaktene der og i andre område sleit torsdag med å få oversikt over skadane.

Ein del av vegen som knyter øya Sanibel til Fastlands-Florida har falle ut i havet. Dermed er dei 6.300 menneska som bur på øya isolerte.

Det er slått katastrofealarm, og det er dermed opna for omfattande føderal støtte i arbeidet med å rydde opp.

Evakuerer

Då vinden løya i morgontimane torsdag, byrja den amerikanske kystvakta å hjelpe stranda innbyggjarar på øyane utanfor kysten av Florida ned frå hustak og loft der mange hadde søkt tilflukt frå stormfloda.

– Vi har aldri tidlegare sett ei så kraftig stormflod, sa DeSantis.

Han sa vidare at orkanen har gjort «historisk» skade, og at det berre er basert på førebelse anslag.

Vegar og bruer er fleire stader øydelagde av vassmassane, og det same er bryggjer og moloanlegg.

Av dei 2,7 millionar bustadene som mista straumen då stormen trefte onsdag, var 2,3 millionar framleis utan straum torsdag kveld, ifølgje nettsida Poweroutage.us, som overvaker meldingar om straumbrot.

Auka i styrke

Ian vart nedgradert til ein tropisk storm over natta, men orkansenteret NHC opplyste torsdag kveld at stormen igjen var ein kategori 1-orkan. Ved midnatt lokal tid hadde den vindfarten på 36 meter i sekundet.

Vidare vart det sendt ut orkanvarsling for heile kysten av Sør-Carolina, der det er venta at Ian treffer land fredag. Det er utskrive varsel også for delar av Georgia og Nord-Carolina.

(©NPK)

Redningsmannskap leitar etter folk i ein bubilpark som er overfløymd etter orkanen Ian. Foto: Steve Helber / AP / NTB

Redningsmannskap brukte oppblåsbare båtar for å redde folk som sat fast i Orlando. Det er gjennomført minst 700 redningsoperasjonar, dei fleste frå lufta, ifølgje guvernør Ron DeSantis. Foto: Phelan M. Ebenhack / AP / NTB

Bebuarane på ein pleieheim i Orlando i Florida blei torsdag evakuerte. Foto: AP / NTB

Orkanen Ian forårsaka store materielle øydeleggingar i Florida, som her i hamna i Fort Myers. Foto: AP / NTB

Byen Fort Myers blei hardt råka då orkanen Ian nådde kysten av Florida. Foto: AP / NTB

Floridas guvernør Ron DeSantis snakka med president Joe Biden torsdag morgon. Dei to held jamleg kontakt om behovet for hjelp i delstaten som er råka av orkanen Ian. Foto: Rebecca Blackwell / AP / NTB

Annonse