Haaland-debuten måtte la vente på seg

Erling Braut Haaland var venta å debutere for Manchester City i treningskampen mot América natt til torsdag, men vart sitjande på benken under heile kampen.

Det var venta at nordmannen skulle få starte mot América sidan Manchester City berre speler to treningskampar denne sommaren.

Men Manchester City-trenar Pep Guardiola valde heller å starte med ein angrepstrio beståande av Jack Grealish, Riyad Mahrez og Julián Álvarez.

Haaland møtte ikkje opp til oppvarminga saman resten av lagkameratane og tusla heller ut på benken to minutt før kampstart iført joggesko, shorts og hettegenser.

Det norske supertalentet Oscar Bobb sat også på benken saman med Haaland heile kampen.

Citys neste treningskamp blir spelt natt til søndag mot dei tyske seriemeistrane Bayern München, før dei møter Liverpool i Community Shield 30. juli.

Manchester City vann kampen 2–1. Kevin De Bruyne skåra begge måla for dei lysblå, medan Henry Martin skåra for América.

Den norske superspissen gjekk til Manchester City for 619 millionar kroner og har signert ein kontrakt som strekkjer seg til 2027.

(©NPK)

Erling Braut Haaland blei sittande på benken for Manchester City i treningskampen mot det mexicanske laget América. Foto: Martin Rickett/PA via AP/NTB.

Annonse