Klargjør siden...

Haaland får kvile i ligacupen òg

Erling Braut Haaland er igjen på benken når Manchester City møter Southampton i jakta på semifinalespel i ligacupen. Han blir spart før by-derbyet i helga.

Jærbuen sat på benken også sist helg. Då såg han som unytta reserve City sable ned Chelsea med 4–0 i FA-cupen.

Tre dagar seinare held manager Pep Guardiola endå ein gong igjen på bruken av Haaland. Superspissen er venta tilbake frå start i derbykampen laurdag borte mot Manchester United.

Haaland står med 27 mål på 22 kampar for City. Som i helga får Julian Alvarez tillit på topp når nordmannen er ute.

Kvartfinalen mot Southampton blir spelt på St. Mary's. Vertane er i frykteleg form, står med seks strake serietap og ligg sist i Premier League. Mohamed Elyounoussi følgjer oppgjeret som mogleg innbytar frå Southampton-benken.

Ligacupen er den første turneringa Haaland kan vinne etter overgangen til City. Semifinalane blir spelte over to kampar i slutten av månaden, og der kan byrivalen Manchester United og Newcastle bli motstandarar.

Den siste kvartfinalen er mellom Nottingham Forest og Wolverhampton.

(©NPK)

Erling Braut Haaland er også onsdag sett på reservebenken til Manchester City. Foto: Jon Super / AP / NTB

Annonse