Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Erling Braut Haaland gler seg til å leie sin første landskamp som kaptein for Noreg mot Slovenia torsdag kveld.
Publisert: 09.10.2024 kl 12:10
Onsdag møtte Haaland pressa dagen før nasjonsligakampen.
– Det blir kjekt, sånn som kvar gong eg har gått ut på Ullevaal. Eg gler meg, sa Haaland til NTB og la til dette om korleis han vil vere som kaptein:
– Sånn som eg er sjølv, sånn eg er når eg ikkje er kaptein. Eg trur ikkje du skal prøve å vere nokon andre enn deg sjølv. Det er det eg kjem til å vere og gjere.
Haaland har for vane å gå rett forbi journalistane i intervjusona etter kampane, men er no open for å kunne svare for seg etter kampen torsdag.
– Vi får sjå om nokon vil spørje meg nokre interessante spørsmål, så skal eg gjerne stoppe.
For første gong i karrieren skal Haaland leie Noreg som kaptein frå start. Fleire gonger før har han overteke bindet til Martin Ødegaard, men han har aldri leidd laget ut på banen før kamp.
Jærbuen vikarierer for Ødegaard ettersom Arsenal-kapteinen er ute med ein skade han pådrog seg i landskampen mot Austerrike førre månad.
– Vi kjem til å merke at han ikkje er her. Han er først og fremst ein fantastisk person, og så ein amazing fotballspelar. Men vi må gjere det beste utan han og prøve å levere, sa Haaland.
Haaland manglar eitt mål på å tangere Jørgen Juves norske rekord på 33 landslagsmål, som har stått i over 90 år.
– Det blir kjekt ein gong å slå han. Eg hugsar dei fleste måla mine ganske godt, og det er eit par fine, sa Haaland om å kunne bli historisk.
Skal det skje allereie torsdag, må Haaland og co. bryte ned eit relativt tett Slovenia-forsvar. Slovenarane har berre sleppt inn fire mål på dei seks siste kampane. Det inkluderer oppgjer mot Danmark, Serbia, England og Portugal.
(©NPK)
Erling Braut Haaland under pressekonferansen onsdag på Ullevaal stadion. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Erling Braut Haaland under trening på Ullevaal stadion før nasjonsligakampen mot Slovenia. Foto: Terje Pedersen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.