Klargjør siden...

Haalands sjef hyllar avdød legende: – Introduserte ting ingen hadde sett før

Manchester City-manager Pep Guardiola seier den avdøde trenarlegenda Terry Venables revitaliserte Barcelona og gjekk vegar ingen hadde gått før han.

Venables døydde laurdag etter lang tids sjukdom. Han vart 80 år.

Den engelske fotballegenda vann tre trofé som manager. To med Barcelona og eitt med Tottenham. Han var trenar i Barcelona frå 1984 til 1987.

Den gongen var Pep Guardiola ein nysgjerrig og lærevillig tenåring i ungdomsakademiet til den katalanske storklubben.

Eit velkjent bilete viser 15 år gamle Guardiola som ballgut i europacup-semifinalen mot IFK Göteborg i 1986. På det same biletet blir Venables løfta på gullstol av to Barcelona-spelarar.

– Som Barcelona-fan gav han oss den første ligameisterskapen på elleve år. Innverknaden hans på klubben var heilt utruleg, seier Guardiola.

– Han introduserte ting ingen hadde gjort før, spesielt ein viss måte å presse motstandarane på og dessutan nye dødballar. Eg hugsar kor mange mål midtstopparane våre skåra. Dette er eit stort tap for engelsk fotball, legg spanjolen til om avdøde Venables.

Barcelona var på ingen måte dominerande då Venables tok over trenarjobben i 1984. Han leidde likevel klubben til seriemeisterskap i 1985 og tok europacupfinalen eit år seinare. Der vart det sjokktap mot Steaua Bucureşti etter straffesparkkonkurranse.

– Eg var berre ein ballgut, men eg hugsar eg snakket med venner av meg som spelte med han, og eg hugsar deira ord om han både som manager og person, seier Guardiola.

– Han var så morosam, og han song Frank Sinatra-songar på katalanske TV-show. Han var ein skikkeleg, skikkeleg bra mann, legg City-sjefen til.

Tysdag skal han leie Erling Braut Haaland og resten av Citys stjernegalleri i meisterligamøtet med Leipzig.

(©NPK)

Terry Venables gjekk bort laurdag. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Pep Guardiola hyllar avdøde Venables. Foto: Martin Rickett/PA via AP / NTB

Annonse