Klargjør siden...

Haaretz: Soldatar seier dei nektar å tenestegjere om ikkje Israel jobbar for gisselavtale

130 israelske soldatar åtvarar i eit brev om at dei ikkje vil tenestegjere meir om ikkje regjeringa jobbar for ein våpenkvile- og fangeutvekslingsavtale.

Brevet er sendt til regjeringa og til stabssjefen i det israelske militæret IDF, melder Haaretz.

Det er underskrive av reservistar og vernepliktige soldatar som har ei rekke roller, mellom anna i artillerikorpset, luftvåpenet og marinen, ifølgje avisa.

– Det er no openbert at å halde fram krigen på Gazastripa ikkje berre utset returen til gislane frå fangenskap, men at det også set liva deira i fare. Mange gislar har vorte drepne i IDFs luftangrep, mange fleire enn dei som har vorte redda i militæroperasjonar, siterer Haaretz frå brevet.

Vidare heiter det ifølgje avisa at om «regjeringa ikkje umiddelbart endrar kurs og jobbar for ein avtale om å hente heim gislane, kjem vi ikkje til å tenestegjere».

Hamas og andre væpna grupper bortførte rundt 250 personar frå Israel 7. oktober i fjor. Av desse trur Israel at rundt 60 framleis er i live på Gazastripa.

(©NPK)

Einav Zangauker, mora til Hamas-bortførte Matan Zangauker, demonstrerer i Tel Aviv med krav om at han blir lauslaten saman med familiane til andre gislar. I eit brev omtalt av den israelske avisa Haaretz seier 130 israelske soldatar at dei vil nekte å tenestegjere om ikkje regjeringa gjer meir for å sikre ein avtale om gisselutveksling. Foto: Tsafrir Abayov / AP / NTB

Annonse