Habert vart meister utan tankar og nervar

(NPK-NTB): Stilen var ikkje suveren da Marie Dorin Habert vann VM-gullet på normaldistansen onsdag, men sigersmarginen var klar nok. Det var det andre gullet hennar i meisterskapen.

– Eg hadde ingen tankar i hovudet og kjente ikkje noko press da eg gjekk sisterunden. Det vart berre til at eg gjekk og gjekk. Det gjorde meg heller ingenting at eg fekk ein bom på siste ståande, sa verdsmeisteren på pressekonferansen etter at gullet var sikra.

Det var det andre gullet hennar i Holmenkollen, for ho gjekk òg til topps i blandastafetten saman med det franske vinnarlaget. Ho har òg sølv frå sprinten og bronse frå jaktstarten i Holmenkollen.

– Eg visste eg hadde gått eit bra løp da eg kom til mål, sa gullvinnaren.

Ho fekk med seg lagvenninna Anaïs Bescond på andreplassen. Ho var 12,2 sekund bak og måtte òg tole ein bom. Bronsen gjekk til tyskaren Laura Dahlmeier, som vart slått med 1.17,8 minutt. Dahlmeier hadde to bomskot. (©NPK)

Annonse