Annonse

Hadia Tajik takkar Høgre-politikarar etter 22. juli-utspel

Ap-nestleiar Hadia Tajik rettar ein takk til ei rekkje Høgre-politikarar som det siste døgnet har teke til motmæle mot Fabian Stangs (H) 22. juli-utspel.

På Facebook sender Hadia Tajik ein takk til tidlegare Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot, som er ein av dei som torsdag protesterte mot Facebook-innlegget til tidlegare Høgre-ordførar Fabian Stang.

Tajik rettar òg ein takk på Twitter til noverande Unge Høgre-leiar Ola Svenneby og Høgres stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde, som fredag debatterte mot Stang på Dagsnytt 18.

– Viser at vi kan komme vidare

Kritikken har hagla mot Stang etter at han torsdag, under tiårsmarkeringa av terrorangrepa 22. juli, skreiv eit innlegg på Facebook der han mellom anna skulda Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre for å gjere 22. juli-tragedien om til partipolitikk. Stang sletta innlegget etter kort tid.

Bakgrunnen for kritikken var at Støre i ein tale på Utøya tidlegare same dag oppmoda høgresida i norsk politikk til å ta eit ansvar for å trekkje grenser mot det høgreekstreme tankegodset som låg bak terrorangrepa 22. juli.

I ein kommentar under Stangs Facebook-innlegg gjorde Bruflot det tydeleg at ho er usamd med Stang og at ho meiner høgresida tvert imot har eit ekstra ansvar for å ta avstand frå høgreekstremisme.

«Slik viser Bruflot korleis me kan koma vidare i dei vanskelege samtalene om ideologien bak terrorangrepet for ti år sida, angrepet mot Al-Noor Moskeen i 2019 og drapet på 17 år gamle Johanne. Det er eg, og sikkert fleire, takksam for», skriv Tajik på Facebook.

Statsministeren usamd med Stang

Ap-nestleiaren har ikkje ønskt å gi ytterlegare kommentarar til NTB. Ap-leiar Jonas Gahr Støre har òg avvist å kommentere utspelet til Stang. Pressesjef i Ap, Jarle Roheim Håkonsen, seier dette til NTB fredag:

«Vi er glade for at Høgre si leiing tar til motmæle mot Stangs utspel og oppfattar denne debatten som over.»

Både Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg og nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, har tidlegare sagt seg usamde i Stangs utspel.

(©NPK)

Arbeidarpartiets nestleiar, Hadia Tajik, takkar Høgre-politikarane som står opp mot tidlegare Høgre-ordførar Fabian Stangs 22. juli-utspel. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Tidlegare Unge Høgre leiar, Sandra Bruflot, tok til motmæle mot Fabian Stangs 22. juli-utspel. Ho er samd med Ap-leiar Støre i at den politiske høgresida har eit ansvar for å trekkje grenser mot høgreekstreme haldningar. Arkivfoto: Fredrik Hagen / NTB

Tidlegare Oslo-ordførar Fabian Stang (H) skreiv i eit Facebook-innlegg torsdag at Ap-leiar Jonas Gahr Støre gjorde 22. juli-terroren partipolitisk. Stang sletta innlegget kort tid etterpå. Arkivfoto: Audun Braastad / NTB