Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Stein Erik Hagen vil likevel ikkje la Nasjonalmuseet låne fritt frå den private samlinga hans. Den nye museumsbygningen i Oslo har ikkje den plassen kunsten krev, meiner han.
npk@npk.no
Publisert: 04.07.2016 kl 11:10
– Kunst treng plass. Så enkelt er det. Vi vil ikkje turnere dei med bilete som skal stå i magasin, seier kurator Steinar Gjessing i investeringsselskapet Canicas kunstsamling til NTB.
Han strekar under at føresetnadene for at Nasjonalmuseet skulle få velje fritt frå Hagens kunstsamling på over 2.000 bilete er grunnleggjande endra. Årsaka er vedtaket om å flytte Nasjonalgalleriet, Kunstindustrimuseet og Samtidskunstmuseet til det nye museumsbygget som skal bli oppført på Vestbanetomta.
«Alle» hadde rekna med at det gamle Nasjonalgalleriet på Tullinløkka i Oslo skulle følgje med som ein filial av Nasjonalmuseet, meiner han. Når det no viser seg ikkje å vere tilfelle, mister museet 3.000 kvadratmeter utstillingsflate. Det er altfor trongt, ifølgje Gjessing.
– Det er planlagt for ein situasjon som varetar behova til desse tre musea, men som ikkje opnar for noka utviding – i alle fall ikkje ei utviding i den storleiken Canicas kunstsamling kunne ha bidratt med, seier han.
Direktør Audun Eckhoff ved Nasjonalmuseet meiner ingenting har endra seg sidan avtalen blei kunngjort i april i år: – Eg har ingen informasjon om at Stein Erik Hagen forkastar avtalen, så den står ved lag, seier Eckhoff til (©NPK) NRK.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.