Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Mens debatten rasar om søndagsopne butikkar, kjem ein ny utfordrar inn på marknaden. Stein Erik Hagen-eigde Marked.no skal levere daglegvarer på døra sju dagar i veka.
npk@npk.no
Publisert: 20.01.2016 kl 07:38
Den nye matbutikken på nett opnar onsdag, og frå torsdag vil kundane kunne få varene levert heim, også på laurdagar og søndagar, skriv Dagens Næringsliv.
– Både hentepunkta og bilane våre er innanfor Brustadbu-storleik, så det er ingen reguleringar mot å gjere dette. Du kan trygt seie at vi gjer noko med diskusjonen om søndagsopne matbutikkar, seier sjefen for Marked.no, den tidlegare Orkla-toppen Ole Petter Wie, til avisa.
Debatten om søndagsopne butikkar vart måndag vekt til live då Rema 1000-sjef Ole Robert Reitan melde 120 konkurrerande butikkar for brot på reglane. Han meiner blant anna at butikkane er større enn maksgrensa for såkalla Brustad-buer på 100 kvadratmeter.
Marked.no seier dei vil prøve å kapre helgehandlarane. Rema 1000 reagerer ikkje på søndagsleveringa til den nye nettbutikken.
– Folk skal sjølvsagt få handle mat på nett når dei vil, til liks med klede, sko og bøker, seier Remas kommunikasjonsdirektør Mette Fossum Beyer.
Marked.no er eigd av Hagen-familiens nettbutikk Komplett.no og investeringsselskapa Sundt og Klaveness Marine. Butikken vil opne opp for alle i Oslo-området denne månaden og utvidast til Bergen, Trondheim og Stavanger seinare i år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.