Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Uno-X-ryttar Tobias Halland Johannessen enda på 3.-plass på den harde 6. etappen i Tour de France. Tadej Pogacar fekk revansje på Jonas Vingegaard.
Publisert: 06.07.2023 kl 18:09
Opp den siste stigninga til Cauterets-Cambasque vart det til slutt ein duell mellom Vingegaard og Pogacar. Slovenaren rykte frå med 2,5 kilometer igjen og sykla åleine til mål.
Det var den 10. etappesigeren til 24-åringen i Tour de France. Vingegaard rulla i mål 24 sekund bak Pogacar på 2.-plass, medan Halland Johannessen var best av resten og enda på 3.-plass. Nordmannen var 1.22 minutt bak Pogacar.
– Eg er fornøgd med prestasjonen og hadde gode bein. Eg fekk maksimalt ut av det, men Pogacar og Vingegaard var litt for sterke, sa Halland Johannessen til TV 2 etter sigeren.
–Det er kult. Det var herleg å vinne brotet. Eg kjende meg veldig sterk, og viss det er to namn som kan stå framme på lista, så er det dei (Pogacar og Vingegaard), heldt Drøbak-mannen fram.
TV 2-ekspertane jubla over bragda.
– For ein etappe han har gjort! sa TV 2s ekspert Thor Hushovd om Uno-X-ryttaren.
– Fantastisk. Eg har gåsehud over heile kroppen, la kollega Dag Otto Lauritzen til.
Dramatikken i samandraget starta på veg opp den ukategoriserte stigninga til Col du Tourmalet. Etappevinnaren og samanlagtleiaren i går, Jai Hindley, klarte ikkje å halde følgje med Jumbo-Visma-toget og Pogacar med nokre kilometer igjen til toppen. Dermed mista han stadig sekund til samanlagtrivalane.
Etappen torsdag strekte seg over 145 kilometer frå Tarbes til Cauterets-Cambasque.
Uno-X-ryttar Halland Johannessen var førstemann av brotryttarane over toppen av Col du Tourmalet med 47,1 kilometer igjen til mål, medan Vingegaard og Pogacar låg 40 sekund bak. Forspranget vart likevel teke igjen i utforkøyringa.
– Det var litt kjipt at Vingegaard og dei køyrde såpass på bak der, sa Halland Johannessen.
Frontbrotet inkluderte dermed sju ryttarar og Halland Johannessen på veg opp til målgang i Cauterets-Cambasque. Til slutt vart det ein rein duell mellom Vingegaard og Pogacar.
– Eg hadde veldig lyst på den 3.-plassen då dei køyrde forbi, heldt fram Halland Johannessen.
Uno-X-duoen Jonas Gregaard og Halland Johannessen kom seg tidleg med i brotet på torsdagsetappen. Det var totalt 15 ryttarar som stakk frå hovudfeltet, før dei ei stund seinare fekk selskap av fem ryttarar til.
Neilson Powless og Kasper Asgreen tok høvesvis to og eitt poeng på toppen av det 3. kategoriserte fjellet Côte de Capvern-les-Bains tre mil inn i etappen. Bryan Coquard vann deretter den innlagde spurten.
Powless var også først over det 1. kategoriserte fjellet Col d'Aspin og overtok klatretrøya. Fleire av brotryttarane måtte gi slepp opp stigninga.
(©NPK)
Tobias Halland Johannessen imponerte mange på den 6. etappen. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Tadej Pogacar vann 6. etappe av Tour de France. Foto. Daniel Cole / AP / NTB