Klargjør siden...

Haltbrekken på førsteplass i Sør-Trøndelag

(NPK-NTB): Tidlegare leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken er av ein samrøystes nominasjonskomité innstilt på førsteplass på Sør-Trøndelag SVs liste før stortingsvalet neste år.

– Lars Haltbrekken har markert seg som ein politisk og fagleg sterk leiar i Naturvernforbundet gjennom elleve år. Han nyt stor respekt på tvers av politikken og organisasjonslivet. Han kjem til å vere ein sterk forkjempar på Stortinget for at både forskjellane og klimagassutsleppa går ned, seier leiar i nominasjonskomiteen Astrid Torsmyr Kjelsnes i ei pressemelding.

Komiteen innstiller også hovudtillitsvald Mona Berger og student Nisrin El Morabit på høvesvis andre- og tredjeplass.

Ved førre stortingsval fekk SV i Sør-Trøndelag inn éin representant, Snorre Valen. Han har sagt frå seg attval til Stortinget neste år.

Det avgjerande nominasjonsmøtet for Sør-Trøndelag SV skal haldast 5. november. (©NPK)

Annonse