Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Eit stort fleirtal i kommunane Hamarøy, Fauske, Saltdal, Karlsøy og Sørfold stemte for å behalde kommunane som i dag.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 07:34
Sist oppdatert: 30.05.2016 kl 12:33
I Saltdal fekk alternativet for å behalde Saltdal som eigen kommune 89,5 prosent av stemmene, ifølgje Avisa Nordland. Ytre Salten-alternativet fekk 5 prosent av stemmene, mens Indre-Salten alternativet fekk 4,3. Valdeltakinga var på 48,9 prosent.
I Fauske stemte 60,4 prosent for å framleis vere ein eigen kommune. Der fekk Indre Salten-alternativet 21,9 prosent av stemmene, mens Stor-Salten fekk 5,9 prosent av stemmene og alternativet Bodø og Fauske fekk 11,5 prosent, ifølgje avisa.
Fem kommunar i Nord-Noreg hadde avstemming søndag. Mens resultata frå Hamarøy, Fauske og Saltdal var klare søndag kveld, vart ikkje resultata frå Sørfold og Karlsøy klare før måndag. Då vart det kjent at også desse kommunane sa nei til samanslåing.
Måndag skal ytterlegare 46 kommunar stemme over om dei vil bli samanslått med nabokommunane eller ikkje. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.