Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Piercings-feiden mellom Lewis Hamilton og Formel 1-topp Niels Wittich er avslutta etter at Lewis Hamilton tok bort nasepiercinga i forkant av løpa i helga.
lars.eide@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 01.07.2022 kl 15:34
Konflikten mellom Hamilton og løpsdirektør i Formel 1, Niels Wittich har gått føre seg sidan VM-runden i Australia tidlegare denne sesongen. No har Hamilton snudd.
– Det er sjukt med alt som går føre seg i verda at dette er det folk bruker energien sin på, seier han før helgas Grand Prix.
I den første treninga på Silverstone-banen kom Hamilton på 2.-plass bak tidlegare Mercedes-kollega Valtteri Bottas.
Årsaka til konflikten handlar om at den britiske Formel 1-stjerna har konkurrert med både nasepiercing og øyreringar i fleire sesongar, sjølv om kroppspiercing har vore forboden i Formel 1 sidan 2004.
– Eg har ingen planar om å fjerne dei, sa 37-åringen etter Melbournes Grand Prix.
Wittich har uttalt at piercingsforbodet er innført for å verne sjåførane med tanke på at ingenting skal hindre dei i å forlate bilen raskt i ein nødssituasjon.
Det internasjonale motorsportforbundets (FIA) reglar seier at «bruk av smykke i form av kroppspiercing eller metall-halskjeder er forbode under konkurransen og kan derfor bli kontrollert før start».
Hamilton kunne vorte bøtelagt for å halde fram med piercinga.
(©NPK)
Lewis Hamilton har teke bort nasepiercingen etter ein langvarig konflikt med Formel 1. Foto: Frank Augstein / AP / NTB