Handball: Svensk storskårar skadd – heime-VM i fare

Svenske Eric Johansson kan hamne i tidsnød for å rekke handball-VM i januar. Kiels toppskårar er ute med skade.

Landslagsspelaren med ei fortid i Elverum pådrog seg eit mindre brot i kasthanda under trening med klubblaget Kiel onsdag.

– Dersom alt går bra, kan Eric spele igjen om fire til seks veker, seier Kiels lege Frank Pries.

VM blir arrangert i Polen og Sverige og startar 11. januar.

Det er også usikkert om Kiels norske stjerne Sander Sagosen rekk VM. Han pådrog seg eit brot i ankelen i juni og måtte operere to gonger i løpet av ein månad etter uhellet.

(©NPK)

Eric Johansson (til venstre i kamp for Elverum) mot Kiel og Sander Sagosen. Foto: Geir Olsen / NTB

ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse