Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Handball-VM: Arrangøren ventar framleis på vaksinestadfestingar

Berre dagar før handball-VM startar i Spania, har Det internasjonale handballforbundet (IHF) enno ikkje motteke alle vaksinepapir frå deltakarane.

– Eg har ei klar tru på at dette ordnar seg. Vi må ha respekt for at alle deltakarnasjonane ikkje har like velfungerande organisasjonar, seier Per Bertelsen i IHF-styret til NTB.

12. november kom IHF på banen med regelverket rundt deltakarane og anna personell for VM. Klargjeringa vart kommunisert for seint, ifølgje mange i handballmiljøet.

Det er krav om fullvaksinering for å komme inn i «meisterskapsbobla». Det skal ha skapt utfordringar for fleire nasjonar like før avreise.

– Enkeltdeltakarar som ikkje kan stadfeste vaksinasjon med dei rette papira i tide, kjem til å bli strokne frå meisterskapen, seier Bertelsen.

VM for kvinner skal for første gong ha heile 32 deltakarar. Det betyr til dømes at Iran (i Noregs gruppe) debuterer i ein verdsmeisterskap.

Spania kastar i gang på heimebane i Torrevieja mot Argentina onsdag 1. desember. Noregs første kamp blir spelt mot Kasakhstan i Castelló to dagar seinare.

Testregimet under VM vil vere omfattande og på linje med opplegget under fjorårets kvinne-EM og årets herre-VM og OL.

Det ligg an til koronatest annankvar dag. Deltakarar som leverer positiv prøve må i ti dagars karantene. Eventuelle romvenninner blir òg isolerte, men kan teste seg ut av karantenen etter fire–fem dagar.

(©NPK)

Alle VM-deltakarar i handball må ha fått to vaksinedosar for å kunne delta. Foto: Torstein Bøe / NTB