Annonse

Hanne Gjerde Buchs «Evighetsspillet» vann Bokslukarprisen: – Eg håpar de får lyst til å lese meir

Unge lesarar valde boka «Evighetsspillet» av Hanne Gjerde Buch som vinnar av Bokslukarprisen.

– No er eg skikkeleg glad! Eg håpar de som har delteke i Bokslukerprisen, har fått lyst til å lese meir. Tusen, tusen takk for prisen, sa ei rørt Hanne Gjerde Buch, som i takketalen sa at Bokslukarpris-sigeren kjennest «heilt uverkeleg».

«Mens vi leser, blir vi så oppslukt i boken at den får fram flere følelser i oss, som glede, tristhet og spenning. Det er bare de beste bøkene som får fram slike følelser i oss». Slik stod det i grunngivinga som elevar frå juryklassane las opp då Bokslukar-vinnaren vart avslørt på den internasjonale bokdagen tysdag under eit arrangement på Sentralen i Oslo.

Skal fremje leselyst

Forlaget Figenschou beskriv «Evighetsspillet» av Hanne Gjerde Buch med illustrasjonar av Jenny Synnøve Naustan som ein gjennomillustrert feelgood-roman i skjeringspunktet mellom realisme og fantasy. Boka handlar om Kian, som får høve til å treffe den avdøde mor si i dataspelet dei programmerte saman.

Bokslukarprisen skal fremje lesing og leselyst og løfte fram norsk litteratur retta mot 10–12-åringar. Bak prisen står Foreningen les, og det er dei unge lesarane sjølve som kårar vinnaren. Først blir det stemt fram kva bøker som går til ein superfinale, før ni såkalla juryklassar avgjer.

Desse klassane avgjorde

Dei andre fire bøkene i superfinalen var «Udyr» av Ingvild Bjerkeland, «Krypto: Dypfryst» av Hans Jørgen Sandnes, «I natt er vi usynlige» av Arne Svingen og «Historia om Erling Braut Haaland» av Ørjan Zazzera Johansen, illustrert av Thomas Kirkeberg.

Juryklassane var frå 5. til 7. trinnet ved Hisøy skule i Agder, Grannes skule i Rogaland, Stanghelle skule i Vestland, Volden skule i Vestfold, Krokstad skule i Buskerud, Bytårnet skule i Østfold, Godlia skule i Oslo, Valldal skule i Møre og Romsdal og Longyearbyen skule på Svalbard.

(©NPK)

«Evighetsspillet» av Hanne Gjerde Buch (midten), her med illustratør Jenny Synnøve Naustan (t.h.) og forleggjar og redaktør Anitra Figenschou. Foto: Figenschou forlag / handout / NTB / NPK

Boka «Evighetsspillet» av Hanne Gjerde Buch, her med ein av illustrasjonane til Jenny Synnøve Naustan, vann Bokslukarprisen 2024. Foto: Jenny Synnøve Naustan / Figenschou forlag / handout / NTB / NPK