Møre

Møre

- Har fylgt råd frå advokat

Foto: Arkivfoto

Ordførar Jørgen Amdam seier han har fylgde rådet han fekk frå advokat då han la ned veto mot vedtak om kommunen si rolle i salet av Sanitetshuset. – Vi fekk det klåre rådet om å ikkje gjere vedtak, då det kan opne for at Volda kommune vert ein part i saka.

Møre
Møre

Publisert:

- Det er ikkje snakk om forsøk på å skjule spor, men å fylgje eit klårt råd frå advokat og reglane om fullført sakshandsaming. Rådmann og assisterande rådmann er konferert med og rådet er at vi må unngå ein kvar situasjon der kommunen kan verte trekt inn som ein part i saka, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap).

Vidare seier han at alle møte kommunen og han sjølv har hatt med Sanitetslaget har vore orienteringsmøte, og at kommunen har opplyst om si interesse i tomta utan at det er gitt noko tilbod.

- Vi kom ikkje langt nok til å verte ein part.

- Er framleis interesserte i tomta

- Kommunen har hatt, og har framleis, ei interesse i tomta. Men den interessa er ikkje avklara før det vert konkludert med kvar eit nytt hovudreinseanlegg skal plasserast. Det er ikkje fatta eit vedtak om kvar det skal ligge, og i kommunestyremøtet 26. april vart det vedteke at formannskapet skal arbeide med den vidare framdrifta i saka, seier Amdam.

I vedtaket frå april heiter det at «Kommunestyret ber formannskapet om å avklare vidare saksgang for reinseanlegg i sentrum».

- Det vil verte orientert om den saka i møtet komande tysdag. Og før nytt vedtak er gjort, så gjeld tidlegare vedtak der ein ser på både Vikeneset og Klippa som alternative plasseringar, legg han til.

– Det er grunnen til at kommunen har ei interesse for tomta, og det er dette som har vore opplyst munnleg og i brev, seier ordføraren.

- Har handla i samråd med kommuneadministrasjonen

- Mi eiga involvering er at eg tok kontakt med Sanitetslaget så snart eg vart merksam på salsannonsen for tomta på Finn.no. Etter rådføring med rådmann og advokat så vart det opplyst at kommunen har interesse for tomta, men då vart vi vist til at salsprosessen allereie var i gang og bedt om å kontakte meklar. Den siste kontakta med Sanitetslaget var ein invitasjon til eit møte, der vi fekk tilbod om kjøp av tomta. I møtet opplyste eg at eg ikkje kunne ta ei avgjerd utan rådføring med kommuneadministrasjonen, og det er no sendt brev til Sanitetslaget med svar frå kommunen, seier ordføraren.

- Kan ikkje drive forskjellshandsaming

Ordføraren seier han er klar over at avgjerda om å nytte veto er upopulær, men han gjentek at kommunen må halde seg til Sanitetslaget som alle andre grunneigarar.

– Personleg tykkjer eg det er leit at saniteten har kome i knipe, men vi må halde oss til dei på same måte som andre grunneigarar. Det er godt forståeleg at saka har fått den merksemda og dimensjonen den har fått, men vi kan ikkje forskjellshandsame. Då får vi juridiske problem med ein gong.

- Det er framleis dialog med Sanitetslaget?

- I det svaret kommunen har sendt til Sanitetslaget, så er eit eventuelt kjøp av tomta avhengig av den vidare utgreiinga om bruken av området. Så om det konkluderer med plassering av reinseanlegg der, så gjev det nesten automatisk grunnlag for kjøp, anten frivillig eller oreigning. Ved frivillig kjøp gjeld reglar om full kompensasjon, som er takst eller ein pris begge partar er nøgde med. Og om det vert konkludert med anna plassering, så vil vi fråfalle ei kvar interesse og då vil antagligvis tomta behalde den status den har i dag, som bustadområde.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...