Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Havarikommisjonen legg fredag fram ein førebels rapport om helikopterulykka ved Turøy i Hordaland for fjorten dagar sidan.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 13:35
Rapporten er utelukkande faktuell og inneheld ingen konklusjonar eller sikkerheitstilrådingar, skriv kommisjonen i ei pressemelding.
Det vil bli vist fram utvalde komponentar. Havarikommisjonen har sidan ulykka leitt etter delar frå helikopteret som kan vere med å bidra til å finne ut kva som skjedde i forkant av ulykka. Blant anna har det vore leitt etter delar knytt til hovudgirkassa. Leitinga skulle etter planen vore avslutta torsdag, men er blitt forlengd til fredag.
– Vi har funnet nokre viktige delar, men har igjen å finne fleire. Derfor fortset vi ei stund til, seier havariinspektør Tor Nørstegård til VG.
Han seier det også kjem til å bli leitt med dykkarar og undervasskamera etter pinse og 17. mai.
– Jo lenger desse delane ligg i vatnet, desto dårlegare vil resultatet kunne bli. Men det er snakk om å ikkje slite ut alle på ein gong, seier Nørstegård.
13 menneske mista livet då eit Super Puma-helikopter styrta ved Turøy utanfor Bergen fredag 29. april. (©NPK)