Harde kampar i Mariupol

Den ukrainske forsvarsleiinga varslar at Russland vil prøve å ta full kontroll over Mariupol. Dei ukrainske styrkane skal vere omringa og blokkerte.

Ukrainske styrkar gjer desperate forsøk på å hindre russiske styrkar i å ta full kontroll over hamnebyen Mariupol, skriv nyheitsbyrået AFP tysdag.

Den ukrainske forsvarsleiinga melder same dag at Russland vil prøve å ta kontroll over Mariupol, og rykke fram mot fleire andre byar søraust i Ukraina.

Målet er etter alt å dømme å knyte saman den russisk-okkuperte Krim-halvøya med dei austukrainske fylka Donetsk og Luhansk, som blir kontrollerte av russiskstøtta separatistar.

Motstridande meldingar

Russlands forsvarsdepartement melder at dei har slått tilbake forsøk på å bryte den russiske omleiringa av Mariupol med «luftangrep og artilleriskyting» ved ein fabrikk nord i byen, som no ligg i ruinar etter halvannan månad med krig.

Men den ukrainske hæren insisterer på at forsvaret av Mariupol held fram.

– Sambandet med einingane i forsvarsstyrkane som på heltemodig vis held fast på byen, er stabil og oppe og går, skriv dei ukrainske bakkestyrkane i ei melding på Telegram.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har i ein tale igjen bede andre land om fleire våpen for å kunne hindre at russiske styrkar tek full kontroll over Mariupol.

– Vi får ikkje så mykje vi treng for å få ein raskare slutt på denne krigen, for å oppnå ei total øydelegging av fienden på våre område, spesielt å få opna tilgangen til Mariupol, sa han måndag kveld.

Appell til Sør-Korea

Tidlegare på dagen kom han med ein liknande appell til den sørkoreanske nasjonalforsamlinga. Her sa han at russarane har øydelagt Mariupol fullstendig, brunne byen ned så han ligg i oske og drepe titusenvis av menneske.

Andre stader aust i Ukraina held dei tunge bombardementa fram, samtidig som sivile prøver å komme seg unna før ein forventa russisk storoffensiv i Donbas-regionen.

Russland har sendt forsterkningar til regionen, spesielt til områda ved den russisk-kontrollerte byen Izium, men ifølgje USAs forsvarsdepartement Pentagon har offensiven enno ikkje starta.

Ukrainas forsvarsdepartement seier at angrepet vil skje snart.

– Vi veit ikkje nøyaktig når, men førebuingane er nesten over, sa talsmann Oleksandr Motuzjanyk på ein pressekonferanse måndag.

(©NPK)

Ei kvinne går med koffertane sine forbi hus som er øydelagde av kampane i Mariupol. Foto: Alexei Alexandrov / AP / NTB

Ukrainske naudarbeidarar jobbar utanfor eit barselsjukehus i Mariupol onsdag. Foto: Jevgenij Maloletka / AP / NTB