Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Veljarane får i løpet av hausten vite kva KrF-leiar Knut Arild Hareide tenkjer om kven partiet skal støtte i neste periode.
npk@npk.no
Publisert: 19.08.2016 kl 08:08
– Eg vil nok antyde noko om kva eg tenkjer om det spørsmålet før vårt landsstyremøte som er i november. Så kjem den endelege avklaringa på landsmøtet til våren, seier Hareide til NTB.
Partileiardebatten i Arendal torsdag kveld gjorde ikkje Hareide noko klokare i val av side.
– Det er så enkelt at det er politikken som avgjer. Og vi er opptatt av å få mest mogleg gjennomslag. Vi har fått betydeleg gjennomslag sidan 2013 og eit resultat på 6,5 prosent. Men eg meiner eg at vi har betydelege moglegheiter til å påverke norsk politikk også etter 2017, uavhengig av kven som får fleirtal, sa Hareide etter at kameraa var sløkt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.