Klargjør siden...

Hærsjefen: Vi må vere klare til å kjempe

(NPK-NTB): Uroa har rykt nærmare, slår Noregs nye hærsjef Odin Johannessen fast. Han meiner landa i Europa ikkje lenger kan rekne med å leve i fred og tryggleik – utan å forsvare seg sjølve.

– Eg trur vi må vere klare til å kjempe – både med ord, handlingar og om nødvendig våpen for å bevare det landet og dei verdiane vi har felles, sa Johannessen i ein tale i Oslo Militære Samfund måndag.

Han tok over som generalinspektør i Hæren i oktober i fjor og kom da frå stillinga som sjef for operasjonsavdelinga i Forsvarsstaben i Oslo.

– Ukraina-krisa og terroren i Paris viser at Europa ikkje lenger kan rekne med å leve i fred og tryggleik utan å måtte forsvare interessene og verdiane sine, sa Johannessen, som brukte mykje av talen på å poengtere kor viktig det er å ha godt trena og godt nok utrusta soldatar.

– Du kan ikkje vinne krigar utan å ha menneske på bakken, sa han.

I talen uttrykte han bekymring for at dei økonomiske løyvingane ikkje står i stil til dei vedtatte planane.

– Eg kan seie no at det er uråd for meg å nå dei måla som ligg i den gjeldande langtidsplanen. For oss på innsida av det militære systemet har det har vore klart i fleire år allereie, sa Johannessen. (©NPK)

Annonse