Annonse

Hastemøte i Elyséepalasset

(NPK-NTB): President François Hollande har kalla inn fleire ministrar til eit hastemøte i Elyséepalasset om politiaksjonen i Saint Denis nord for Paris, melder franske medium.

Onsdag morgon følgde Hollande utviklinga i politiaksjonen frå presidentpalasset saman med statsminister Manuel Valls og innanriksminister Bernard Cazeneuve, ifølgje Europe 1.

På føremiddagen blei også utanriksminister Laurent Fabius, forsvarsminister Jean-Yves Le Drian og justisminister Christiane Taubria kalla inn til eit hastemøte om utviklinga Elyséepalasset.

Store politi- og forsvarsstyrkar aksjonerte onsdag morgon mot ei leilegheit i Paris-forstaden Saint-Denis. Fleire terrormistenkte personar oppheldt seg i leilegheita, ifølgje politiet.

utanfor Elyséepalasset i går. Foto: Philippe Wojazer / Reuters / NTB scanpix