Annonse

Haugesund sleit seg til uavgjort mot Øygarden

Haugesund var høgt oppe etter å ha banka Brann med solide 3–0, men kom ned på jorda med berre 1–1 heime mot førstedivisjonslaget Øygarden.

Øygarden er eit nystifta klubb og tok over plassen til Nest-Sotra i førstedivisjon. Gutane hans Bryant Lazaro overraska alle med å ta leiinga mot eliteserieklubben etter fire minutt på eit langskot frå Charles Ezeh.

Gjestene frå Sotra ville mest innleiingsvis før mannskapet til Jostein Grindhaug tok meir og meir over.

FKH-veteran Christian Grindheim utlikna for vertane då han var vaken inne i feltet etter 27 minutt.

Haugesund imponerte i den første treningskampen sin etter koronapausen heime mot Brann for ei snau veke sidan.

Benjamin Källman stod for to av måla i den kampen. Finnen fekk moglegheita frå straffemerket mot Øygarden, men han brukte for mykje kraft slik at skotet gjekk over.

Kampen ebba ut utan fleire skåringar.

(©NPK)

Haugesunds-veteran Christian Grindheim skåra målet då laget spela 1–1 heime mot Øygarden i fredagens treningskamp. Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix