Hauglie vil ha færre og større Nav-kontor

(NPK-NTB): Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) vil ha færre og større Nav-kontor, meir elektronisk sjølvbetening og færre personlege møte hos Nav.

Fredag legg ho fram stortingsmeldinga «Nav i ei ny tid – for arbeid og aktivitet». Dagbladet skriv om hovudpunkta i meldinga før framlegging.

– Det blir færre personlege møte. Det betyr at vi vil prioritere personlege møte for dei med samansette behov framfor dei med enklare saker. Dei som har kjappe spørsmål må ta det på telefon, chat, sosiale medium eller liknande, mens dei som krev tettare og tyngre oppfølging får betre oppfølging på Nav-kontoret, seier Hauglie.

Med færre og større Nav-kontor meiner ho dei tilsette kan spesialisere seg meir og jobbe opp mot definerte grupper. (©NPK)

Annonse