Annonse

Havarikommisjonen: Skyssbåt sokk på eitt minutt i Tomrefjorden

Skyssbåten Toja, som forliste i Tomrefjorden i Møre og Romsdal i mai i fjor, sokk på berre eitt minutt, ifølgje Havarikommisjonens undersøkingar.

- Tiden frå fartøyet begynte å ta inn vatn til det sokk var i underkant av eitt minutt, skriv Havarikommisjonen i rapporten sin.

Ulykka skjedde 30. mai i fjor i samband med transport av åtte passasjerar frå kystvaktfartøyet KV Bjørnøya.

Både passasjerane og båtføraren måtte evakuere båten ved å hoppe i sjøen. Dei overlevde forliset, men var kraftig nedkjølte etter å ha vore i vatnet i over 45 minutt.

Kritiske minutt

Båtføraren rakk å sende nødsamtale før evakueringa, men ho inneheldt ikkje koordinatane deira. Dei klarte likevel å ringe nødetatane frå sjøen etter tolv minutt. Havarikommisjonen meiner det er denne telefonsamtalen som var avgjerande for at alle vart redda i tide.

At det blir nytta to system for redning på sjøen, maritim VHF og Nødnett, er derimot uheldig, meiner Havarikommisjonen, som seier dette i verste fall kunne ha enda med at fleire av personane i sjøen omkom som følgje av tida det tok å finne dei.

Hol i skroget

- Det er avgjerande for framtidige søk- og redningsoppdrag at systema vidareutviklast, og at ein ikkje baserer seg berre på munnleg overføring av kritisk informasjon», konkluderer dei.

Telenor Kystradio, som kommuniserer med alle ressursane til sjøs, har ikkje tilgang på Nødnett i dag.

Det har i etterkant også vorte observert eit større hol i botnen av skroget på styrbord side. Dette stammar likevel truleg frå ein gammal skade som var freista reparert.

– Det er lite truleg at skaden oppstod som følgje av at dei trefte noko i sjøen, blir det konkludert i rapporten.

(©NPK)