Havila Kystruten ramma av Ukraina-sanksjonar

Havila Kystruten blir ramma av ein ny pakke med sanksjonar frå EU fordi dei leasar skip frå eit russiskeigd selskap.

Havila Kystruten skal etter planen drive fire skip som går i rute mellom Bergen og Kirkenes og har på same måten som Hurtigruten avtale med den norske staten om dette.

Men no skriv reiarlaget i ei børsmelding at EU-sanksjonane mot russiske selskap og enkeltpersonar rammar dei.

Havila Kystruten skal nemleg ha leasa skipa sine av eit selskap kalla GTLK.

– Sanksjonane hindrar GTLK i å gjennomføre finansieringa av skipet til selskapet, skriv Havila i børsmeldinga.

– Støttar sanksjonane

GTLK er eit statleg russisk leasingselskap med kontor fleire stader i verda. Dei 70 passasjerflya og 19 tankskipa deira er ifølgje E24 verdsette til 4,5 milliardar dollar. På kundelista står mellom anna flyselskap som Emirates, EasyJet, SunExpress og Aeroflot.

I styret til selskapet sit mellom anna fleire russiske regjeringstoppar og dessutan pressetalsmannen til president Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, skriv E24.

Etter planen skal dei finansiere alle dei fire skipa Havila Kystruten skal setje inn mellom Bergen og Kirkenes. Så langt er det første skipet, Havila Capella, sett inn i trafikk, medan det andre, Havila Castor, er leveringsklart frå Tersan-verftet i Tyrkia og skal etter planen setjast i trafikk frå 10. mai, skriv NRK.

– Vi støttar sanksjonane til styresmaktene mot Russland og etterlever sanksjonsreglane som dei fastset. Vi arbeider no med å få refinansiert Havila Capella for å bryte alle band med sanksjonerte og russiskeigde selskap, seier administrerande direktør Bent Martini i ei pressemelding frå Havila måndag ettermiddag.

Drøftingar

I børsmeldinga måndag morgon skriv Havila at dei arbeider med konkrete drøftingar. Berre nokre timar seinare har reiarlaget tilsynelatande komme nærare ei løysing, men direktør Martini karakteriserer finansieringa av dei fire skipa som komplekse øvingar.

Etter at Russland invaderte Ukraina og verda har reagert med omfattande sanksjonar mot Russland, er brått heile den planlagde finansieringsmodellen til Havila gått i vasken.

– Vi skal ta omsyn til gjeldande sanksjonsreglement og norsk lovgiving når vi skal refinansiere skipa våre, seier Martini.

Selskapet varslar at det vil komme med meir informasjon så snart det ligg føre.

(©NPK)

Kontorbygget til Havila Shipping ASA på Mjølstadneset i Fosnavåg i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Selskapet er no ramma av EU-sanksjonane mot Russland etter invasjonen av Ukraina og må leite etter nye finansieringsmetodar for kystruteskipa sine. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK