Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Havminister Bjørnar Skjæran (Ap) vart svar skuldig då han vart spurd om kva Noreg meiner om ei internasjonal klimaavgift for skip, som diskuterast denne veka.
anna.nesje@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 24.11.2021 kl 13:12
Sist oppdatert: 24.11.2021 kl 14:50
– Eg beklagar. Eg kan ikkje svare på det spørsmålet, sa fiskeri- og havministeren, som også er nestleiar i Arbeidarpartiet, i Stortingets spørjetime onsdag.
Rammeverket for ei CO2-avgift for skip blir diskutert i miljøkomiteen i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO denne veka. Høgres Linda Hofstad Helleland ville derfor vite kva som er Noregs posisjon i forhandlingane, og viste til at havministeren har koordinerande ansvar for omstilling til grøn skipsfart.
Skjæran svarte først at det var «prematurt» for han å svare på.
– Det svaret overraskar meg, at det er prematurt all den tid FNs organ for regulering av skipsfarten sit i forhandlingar, og møtet går føre seg. Eg hadde rekna med at havbruksministeren hadde sendt politiske signal om kva den norske posisjonen skal vere. Ønskjer Noreg å støtte ei sånn avgift eller ikkje, spurde Helleland, som sit i næringskomiteen på Stortinget.
– Eg har ganske nyleg overteke ansvaret for å koordinere arbeidd med grøn skipsfart. Eg har ikkje eit godt svar på det spørsmålet som blir stilt. Då tenkjer eg det er ærleg å gi til kjenne det. Det skal ikkje bli ein vane, lova Skjæran.
I ein e-post til NTB presiserer kommunikasjonssjefen til havministeren Lisa Nordøen at det er klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) som har det konstitusjonelle ansvaret for forhandlingane i IMO.
– Det er òg han som er rette mottakar for spørsmål knytt til forslag om ei eventuell CO2-avgift, skriv ho.
Noregs Rederiforbund støttar ei CO2-avgift.
(©NPK)
Fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) kunne ikkje svare Stortinget på kva Noreg meiner om ei internasjonal CO2-avgift for skipsfarten, sjølv om rammeverket blir diskutert i internasjonale møte denne veka. Foto: Terje Bendiksby / NTB