Klargjør siden...

Hawaii innfører våpenregistrering

(NPK-NTB): USAs nyaste delstat Hawaii blir den første som innfører registrering av våpeneigarar.

Torsdag vart det klart at alle våpeneigarar i staten skal registrerast i databasen til det føderale politiet FBI der politiet automatisk får beskjed om kvar våpena er i landet, melder Fox News.

– Den nye lova handlar om samfunnstryggleik og ansvarleg eigarskap av våpen, seier guvernøren i Hawaii, David Ige.

Den nye lova vil også hindre kriminelle i å kjøpe våpen og gi politiet rett til å ta frå menneske med registrerte mentale problem retten til å eige våpen.

Hawaii, som i 1959 vart USAs stat nummer 50, blir med dette den første til å innføre obligatorisk registrering av våpen, og senator Will Espero håpar dei med det kan gå framfor som eit førebilete for USAs andre 49 delstatar.

Men lova har samtidig mange motstandarar, blant dei National Rifle Association, som oppfordrar våpeneigarar til å markere sin motstand.

– Eg likar dårleg tanken på at vi skal vere registrerte i ein database. Eg får følelsen av at «storebror» passar på oss, seier våpen- og jaktinstruktøren Jerry Ilo. (©NPK)

Annonse